
Søknadsfrist: |
27.04.2025
|
Søknadsfrist: |
27.04.2025
|
Svingen og Reini bufellesskap er moderne bufellesskap, med høvesvis 11 og 4 leilegheiter og fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonshemmingar, i alle aldrar og med ulike trong for hjelp. Her har den einskilde vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å hjelpe den enkelte i ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie, omsorg og veiledning, til å bli med på ulike aktivitetar. I tenesta vår samarbeider me med fleire ulike instansar, spesialisthelsetenesta, tverrfagleg helseteneste i kommunen og ulike arbeidstiltak.
Me har eit godt arbeidsmiljø, og er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre. Me arbeider kontinuerleg for å ha eit breitt fagleg fokus og halde oss oppdaterte for å yte gode tilbod til bebuarane.
Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid, med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.
Turnus dag/kveld, med arbeid kvar 3. helg.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hjørdis Ringhus Saupstad
Avdelingsleiar Svingen og Reini
Telefon: +47 97028218
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.