Søknadsfrist: |
27.04.2025
|
Søknadsfrist: |
27.04.2025
|
Fagskulen Vestland avdeling Hjeltnes tilbyr utdanningar innan grøne og gastronomiske fag. Hausten 2025 startar vi opp ny utdanning i Gastronomisk reiseliv og treng fagkoordinator og lærar, på grunn av svangerskapspermisjon. Det vert ein delstilling mellom 50-80 % avhengig av kor mykje undervisning som kan leggjast inn i stillinga, samt ulike prosjekt. For den rette person kan det vere opp mot 100 % stilling.
Studiestad er Hjeltnes, Ulvik i Hardanger. Det er ønskeleg at vikaren har kontorstad i Ulvik, men noko heimekontor er mogeleg.
- fagkoordinator for ny utdanning i Gastronomiske reiseliv
- faglærar innan gastronomisk reiseliv, innovasjon og marknadsføring
- delta i prosjektarbeid
- reiselivsutdanning på bachelor eller masternivå
- erfaring med Gastronomisk reiseliv
- fordel med erfaring frå innovasjon, konseptbygging, marknadsføring og merkevarebygging
- prosjekterfaring
- engasjert person som likar å formidle sitt fag
- likar både samarbeid og sjølvstendig arbeid
- gode kommunikasjonsevner
Fagskulen Vestland er ein spennande arbeidsplass og du får bidra i oppstarten av eit nytt studie ! Du får lærevillige vaksne studentar, hyggjelege og engasjerte kollegaer og kan delta i det regionale arbeidslivet. Vi tilbyr her eit vikariat, men det kan vere mogeleg med forlenging av stillingen.
Du får fordelen med å vere tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår, forsikringar og pensjonsordningar.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson: Andrid Solaas
Stillingstittel: avdelingsleiar
Mobil: 90 09 44 32