
Søknadsfrist: |
27.04.2025
|
Søknadsfrist: |
27.04.2025
|
Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig: Lærar inntil 200 % med atterhald om permisjonar m.m. Kan vere fast og/eller vikariat frå 01.08.25 og gjeld skuleåret 2025-2026. Utlysinga gjeld også for stillingar som måtte bli ledige fram til skulestart.
Godkjent pedagogisk utdanning
Variert undervisningserfaring
Gjerne utdanning og praksis som lærar i småskulen
Gjerne formell utdanning innanfor spesialpedagogikk
Varm og tydeleg klasseleiar som ser alle elevar
Fokus på kvalitet og høgt læringsutbytte hos elevane
God relasjonskompetanse
Kan bidra blant personalet med faglege innspel og ha positiv innstilling i arbeidet
Bevisst på eigne haldningar og verdiar
God fagleg og didaktisk kompetanse
Løysingsorientert og gode samarbeidsevner
Omstillingsdyktig og motivert for fagleg utvikling
Undervise i høve til LK20
Gje god tilrettelagt undervisning til elevar på ulike faglege nivå
Ha ein inkluderande praksis for å få med alle elevar i fellesskapet i klassa både fagleg og sosialt
Samarbeide med elevar, kollegaer, føresette og andre instansar for å gje eit best mogleg tilbod til alle elevar
Ta aktivt del i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
Bidra til eit godt læringsmiljø
Eit fagleg miljø med fokus på elevar
Moglegheit til å bidra i skulen utviklingsarbeid
Gode arbeidsvilkår
Rettleiing av nyutdanna og nytilsette
Odd-Arne Thorbjørnsen
Rektor(einingsleiar
90839469
Kviteseid kommune ligg sentralt i Vest-Telemark. Telemarksvassdraget (Telemarkskanalen) og Arendalsvassdraget set sitt preg på landskapet. Dei flotte fjella rundt og naturen elles inviterer til ulike friluftsaktivitetar sommar som vinter.
Kommunesenteret, Kviteseid ligg midt mellom turistbygdene Vrådal og Morgedal.
Kommunen har eit variert næringsliv bygd på reiseliv, småindustri, landbruk, handel og offentleg tenesteyting. Kviteseid har lange tradisjonar som administrasjonssenter på grunn av si sentrale plassering i Vest-Telemark og ved Telemarksvassdraget.