
Søknadsfrist: |
05.05.2025
|
Søknadsfrist: |
05.05.2025
|
Som sjukepleiar/vernepleiar på pleie- og omsorgssenteret vil du gå i årsturnus, med dag- og kveldsvakter, langvakter i vekedagar og langvakt 6. kvar helg! Med komprimert jobbing vil du også kunne få langfriperiode 6. kvar veke!
I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som "Gode pasientforløp" og "Kva er viktig for deg", vi har innført kjernejournal i journalsystem og deltek i nasjonale digitale innføringsløp. Vi er med i interkommunalt simuleringsprosjekt og vi har eget godt utstyrt øvingsrom med moglegheit for fagutvikling.
Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. 1 ØHD-plass. Legevakt i kommunen 24/7. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget! Velkomen som søkar!
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Tilsettingsvilkår:
Kontaktinformasjon
Gry Synøve Åmlid
Avdelingsleiar POS
Telefon: +47 90 77 08 30
E-post: gry.bergland@fyresdal.kommune.no
"Gjer draumen levande" er kommunens slagord, og dette ser ein att i tilboda til både innbyggjarar og tilsette. Fyresdal er ein kommune i Vest-Telemark med om lag 1240 innbyggjarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til våre innbyggjarar.