
Vi søkjer ein vektopratør til hovudanlegget vårt på Einestølen. Som vektoperatør vil du hovudsakleg jobbe på vekta og ta imot både privat- og næringskundar. Dette er ein viktig funksjon der du blir første kontaktpunkt for kundane våre, og hjelper dei med å sortere avfallet riktig.
Du vil bli ein del av eit tverrfagleg fellesskap med dyktige kollegaer som har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Vi skal hjelpe innbyggarane i vårt område til å bli rågode på sortering, og då er det viktig med gode rådgjevarar som kan hjelpe dei på vegen.
Du er glad i å prate med folk, serviceinnstilt og likar varierte arbeidsoppgåver. Du må vere strukturert og påliteleg, og aller helst ha interesse for miljø og gjenvinning.
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav - hos oss får du sjølvsagt opplæringa du treng.
Vi vil tilpasse arbeidsoppgåvene etter dine erfaringar, ønsker og kompetanse.
Personlege eigenskapar vil kunne vege opp for manglande formell kompetanse. Vi vil gje deg den opplæringa du treng for å lykkast i jobben.
Ta kontakt med driftsleiar Kjell Bu på telefon 905 02 589.
Sunnfjord Miljøverk (SUM) og dotterselskapet SumTrans, skal vi sikre gode avfallsløysingar i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune. Akkurat no er det 18 sjåførar som held hjula i gong på SumTrans, og 23 tilsette som jobbar innan drift, renovasjon, økonomi, HR og kommunikasjon hos SUM.
Hovudanlegget ligg på Einestølen (mellom Førde og Naustdal). I tillegg har vi fem ytre gjenvinningsstasjonar. Både SUM og SumTrans har kontorlokaler i Førde sentrum.
Samspelet mellom selskapa er viktig. Saman skal vi samle inn avfallet i kommunane, og sørge for at det vert sortert og handtert riktig slik at mest mogleg blir gjenvunne og får ny verdi. Slagordet "avfall på rett veg" underbygger dette. Vi hentar avfall i alle krinkar og krokar, og sørger for at det hamnar på riktig stad til slutt. Målet er å redusere den totale avfallsmengden for å nå EU sine klimamål. Vi får stadig nye krav og retningslinjer som vi må forhalde oss til. Det betyr at vi heile tida må tenke nytt og finne smarte og gode løysingar for å imøtekomme desse krava. Derfor kan vi trygt seie at vi har ein interessant og utviklande arbeidskvardag.