
Arbeidsstad for gjenvinningsoperatør er Einestølen. Du vil også vikariere som maskinkøyrar, dersom det er behov for det.
Hovudoppgåva er å hjelpe kundar med å sortere avfallet sitt riktig. Når privatpersonar og bedrifter kjem med ting dei skal kvitte seg med - som treverk, metall, elektronikk eller farleg avfall - sørger du for at alt hamnar på rett plass. Det er ei viktig rolle der du bidreg til å gjere innbyggarane i vårt område endå betre på sortering.
Du kan også forvente å jobbe på alle våre gjenvinningsstasjonar.
Sidan ein stor del av jobben går ut på å prate med kundar, må du vere serviceinnstilt og glad i å møte folk. Du må vere påliteleg og ansvarsfull, og ha eit engasjement for miljø og gjenvinning. Du må like ein variert arbeidskvardag der du er ute i all slags vêr.
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav - vi gir deg sjølvsagt den opplæringa du treng for å kjenne deg trygg i jobben.
Arbeidsoppgåvene vil kunne tilpassast dine erfaringar, ønskjer og kompetanse.
Personlege eigenskapar vil kunne vege opp for manglande formell kompetanse. Vi gir deg sjølvsagt opplæringa du har behov for.
Ta kontakt med driftsleiar Kjell Bu på telefon 905 02 589.
Sunnfjord Miljøverk (SUM) og dotterselskapet SumTrans, skal vi sikre gode avfallsløysingar i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune. Akkurat no er det 18 sjåførar som held hjula i gong på SumTrans, og 23 tilsette som jobbar innan drift, renovasjon, økonomi, HR og kommunikasjon hos SUM.
Hovudanlegget ligg på Einestølen (mellom Førde og Naustdal). I tillegg har vi fem ytre gjenvinningsstasjonar. Både SUM og SumTrans har kontorlokaler i Førde sentrum.
Samspelet mellom selskapa er viktig. Saman skal vi samle inn avfallet i kommunane, og sørge for at det vert sortert og handtert riktig slik at mest mogleg blir gjenvunne og får ny verdi. Slagordet "avfall på rett veg" underbygger dette. Vi hentar avfall i alle krinkar og krokar, og sørger for at det hamnar på riktig stad til slutt. Målet er å redusere den totale avfallsmengden for å nå EU sine klimamål. Vi får stadig nye krav og retningslinjer som vi må forhalde oss til. Det betyr at vi heile tida må tenke nytt og finne smarte og gode løysingar for å imøtekomme desse krava. Derfor kan vi trygt seie at vi har ein interessant og utviklande arbeidskvardag.