
Det er frå 1.9.2025 ledig fastlegestilling ved Vossevangen legesenter på Voss. Dette er ein fastlegeheimel i ein veletablert praksis med fem fastlegar og LIS1 lege. Voss herad har etablert gode støtteordningar for næringsdrift (sjå under). Listelengde: Minimum 800 pasienter/1000 pasientar avhengig av erfaring/spesialitet
Om arbeidsstaden
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Særlig om kommunale støtteordniger:
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggast før tiltreding i heimelen.
Tiltreding i heimelen føreset semje med eksisterande heimelseigar om vilkår for overdraging samt tiltreding til aksjonæravtale i legesenteret.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Kontaktpersonar:
Eystein Hauge
tlf: +47 95261271
Ingunn-Olin Haugen
mob: +47 94136967
Jonas Bucher
tlf: +47 98073207
Voss - bygd for sterke opplevingar
Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.