
Drøymer du om ein sommarjobb der du får verdifull erfaring, faglege utfordringar og gode kollegaer – midt i spektakulær natur?
Då bør du søkje sommarjobb hos oss på Vinje legekontor og Tokke/Vinje legevakt!
Me har også behov for vikarar gjennom heile året.
Å jobbe i legetenesta gir deg eit vidt spekter av oppgåver og utfordringar som skal løysast. Du må vera kreativ og kunne stole på eigne vurderingea. Du møter menneske i alle aldrar og mange spennande problemstillingar som gir læring og utvikling.
Eigen lønsstige for studentar under relevant utdanning.
Bonusordning:
Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 25-31 blir bonus 1000 kr per veke, i tillegg til ordinær løn.
Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 26-33 blir bonus 2000 kr per veke, i tillegg til ordinær løn.
Til deg som bind deg for 8 veker, heile perioden, veke 26-33 blir bonus 2500 kr per veke, i tillegg til ordinær løn.
Det er ein føresetnad at du faktisk jobbar 75 - 100% i avtalte veker for å få utbetalt bonusen. Dersom du i avtalt periode har fråvær, vil du miste bonus for aktuell veke(r).
Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Du må levere vitnemål og attestar.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Ingrid Helene Smeland
Avdelingsleiar legekontor og legevakt
Telefon: 97053462
E-post: ingrid.helene.smeland@vinje.kommune.
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.