
Nissedal legekontor treng ein engasjert og dyktig lege med på laget!
Stillinga er ledig frå 1. september 2025, og er ei 100 % fastløna stilling med listetak på 700 pasientar.
Nissedal legekontor ligg idyllisk til ved vannkanten av innsjøen Nisser i sentrum av Treungen. På legekontoret er det to fastlegar (kommuneoverlege og kommunelege II) og turnuslege, samt sjukepleiar og legesekretær. Her vil du bli ein del av eit særdeles godt arbeidsmiljø, med pasientomsorg og fagutvikling i fokus. Legekontoret er organisert under helseavdelinga.
Løn og andre arbeidsvilkår etter avtale.
Har du ynskje om å starte spesialisering i allmennmedisin, så har vi god erfaring med veiledning og oppfylgjing, og vil tilrettelegge for det!
Vi søkjer etter deg som er god på oppfylgjing av pasientar, er strukturert, løysingsorientert, fleksibel og god på å jobbe i team. Vil du vere med på laget i ein variert og spennande kvardag, samt vere med på å dreie tenesta, med tett samarbeid med heimebaserte tenester, kreftkoordinator og demenskoordinator? Då er denne stillinga noko for deg!
Velkomen som søkar!
Som innbyggjar i Nissedal kommune vil ein få sletta kr. 25.000 av studielånet kvart år ein bur i kommunen.
Vi søkjer deg som;
Personleg eignaheit vektleggast
Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
Hild Riseth Fjone, Avdelingsleiar helse, 40480877, hild.fjone@nissedal.kommune.no
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».
Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.
Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane.
Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter.
Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.
Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og på Felle.
I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.