
Søknadsfrist: |
06.04.2025
|
Søknadsfrist: |
06.04.2025
|
Vil du vera sommarvikar på Svingen og Reini?
Me søkjer etter deg som vil vera sommarvikar på Svingen og Reini Bufellesskap. Dette er ein fin moglegheit til å få innblikk og erfaring innanfor helse, dersom du går på, eller vurderer utdanning innanfor helses og omsorg.
Svingen og Reini bufellesskap er to bufellesskap, med forholdsvis 11 og 4 plassar. Alle bur i eigen leilighet og mottek tenester frå kommunen. Me er opptekne av at alle bebuarane skal få eit mest mogleg tilrettelagt tilbod ut frå individuelle behov.
Bonusordning:
Det er ein føresetnad at du faktisk jobbar 75 - 100% i avtalte veker for å få utbetalt bonusen. Dersom du i avtalt periode har fråvær, vil du miste bonus for aktuell(e) veke(r).
Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Du må levere vitnemål og attestar.
Du må seie kva for veker i perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe 6-8 veker blir prioritert, og du må rekne med å arbeide annankvar helg.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hjørdis Ringhus Saupstad
Avdelingsleiar Svingen og Reini
Telefon: +47 97028218
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.