
Søknadsfrist: |
28.04.2028
|
Søknadsfrist: |
28.04.2028
|
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Arbeidsstad
Grantun bufellesskap er eit bufellesskap for personar med psykiske vanskar. Grantun har 16 leiligheter, krisehybel og fellesareal. Vi har som visjon å skape trygghet, forutsigbarhet, trivsel og gje rom for eigenutvikling.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøterapi og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson:
Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus
mob: +47 995 33 798
Nøkkelord: Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.