
Søknadsfrist: |
04.03.2025
|
Søknadsfrist: |
02.03.2025
|
Søknadsfrist: |
15.03.2025
|
Når sommaren kjem og våre fast tilsette skal ha sommarferie, vil me få behov for deg som kan vera ferievikar i heimetenesta. Me har behov for ferievikarar i heimesjukepleia, og som heimehjelp i Åmot, Øvre og Rauland distrikt.
Bonusordning:
Det er ein føresetnad at du faktisk jobbar 75 - 100% i avtalte veker for å få utbetalt bonusen. Dersom du i avtalt periode har fråvær, vil du miste bonus for aktuell veke(r).
Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Du må levere vitnemål og attestar.
Det er viktig at du skriv i søknaden kva teneste du ynskjer å vera ferievikar i, og kva du prioriterer om du søkjer på fleire stillingar. Du må seie kva for veker i perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe 6-8 veker blir prioritert, og du må rekne med å arbeide annankvar helg.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Arnhild Romtveit
Avdelingsleiar i Øvre Vinje
Telefon: 47640276
E-post: Arnhild.Romtveit@Vinje.kommune.no
Anne Jannicke Lie
Avdelingsleiar heimetenester i Åmot
Telefon: 46924080
E-post: Anne.Jannicke.Lie@Vinje.kommune.no
Hege Rorgemoen
Avdelingsleiar heimetenester i Rauland
Telefon: 48 21 01 56
E-post: Hege.Rorgemoen@Vinje.kommune.no
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.