
Søknadsfrist: |
14.03.2025
|
Eininga Brann og redning har 14 heiltidstilsette, der 5 er brannførebyggarar. Eininga har 6 brannstasjonar med til saman 80 deltidstilsette brannkonstablar og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag
Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytt til brannførebygging og vurdering av risikoreduserande tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader. I tillegg kjem andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov.
Andre oppgåver kan kome til.
Vi vil primært ha søkarar som har fagbrev som feiar. Har du anna relevant fagbrev som murar og tømrar, relevant kompetanse, eller er ufaglært, kan du óg søke. Du pliktar då å ta fagbrev som feiar med tilhøyrande teori-/praktisk eksamen. Vi legg óg vekt på at søkar har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Du må ha førarkort klasse B.
Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktperson:
Leiar førebyggande Roy Andre Solvåg-Hellevang
mob: +47 958 15 282
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.