
Søknadsfrist: |
02.03.2025
|
Søknadsfrist: |
02.03.2025
|
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spennande praksis eller ein meiningsfull feriejobb? Då kan kanskje ferievikariat i eining for psykisk helse og rus vera noko for deg.
Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsetja skal ha ferie i perioden 23.06.25-17.08.25 (veke 26 - 33). Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobba. Vikarar som kan jobba samanhengande, helst 4 veker, og dekkja eit størst mogleg tidsrom av sommaren vil bli prioritert. Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Dersom du har bestemde ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkjefølgje i søknaden, helst 3 ønskjer. Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein god moglegheit for å skaffa deg spennande praksis og yrkesrøynsle.
Behovet for ferievikarar gjeld i eining for psykisk helse og rus, i avdelingane:
Vi har ulike vaktordningar som t.d. langvakter, vaken nattevakt og kvilande nattevakt. Du vil bli kontakta for samtale der slike ønskjer kan avklarast.
Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju.
Kvalifikasjonar:
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi kan tilby
Etter utgått søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Avdelingsleiar ambulerande miljøtenester Marianne Baldersheim
mob: +47 948 19 627
Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus
mob: +47 995 33 798
Avdelingsleiar psykisk helse Olaug Sælen Steen
mob: +47 980 67 514
Avdelingsleiar Vartun Per Gunnar Lunde Oseng
mob: +47 483 54 966
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.