
Søknadsfrist: |
16.03.2025
|
Søknadsfrist: |
16.03.2025
|
Søknadsfrist: |
16.03.2025
|
Søknadsfrist: |
02.03.2025
|
Søknadsfrist: |
28.02.2025
|
Søknadsfrist: |
16.03.2025
|
Søknadsfrist: |
16.03.2025
|
Søknadsfrist: |
02.03.2025
|
Er du vår nye kollega? Er du ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ynskjer å gjere ein skilnad i menneskes liv?
Vinje sjukeheim søkjer etter ein nye sjukepleiarar til vårt team. Me har tre langtidsavdelingar og ei kortidsavdeling med til saman 34 plassar. Langtidsavdelinga med sine 25 plassar er delt inn i tre grupper, deriblant ei skjerma avdeling for personar med demens. Kortidsavdelinga består av 9 plassar, der 2 av plassane er akuttplassar for Tokke og Vinje kommune.
Vinje sjukeheim ynskjer å ha større fokus på å ivareta kvar enkelt bebuar sine interesser og behov, og skal i samband med det nytte "aktivitetsdosett", som er ein systematisk metode for å leggje til rette for individuell aktivitet. Me er opptatt av å ivareta pårørande som ein viktig ressurs for bebuarane, og jobbar for tida med eit prosjekt knytt til heilskapleg pårørandestøtte.
Frå 2025 skal me nytte årsturnus, slik at du som tilsett har større moglegheit til å påverke din eigen turnus, og for å planleggje fritida for heile året.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen
Avselingsleiar langtidsavdelinga
Telefon: +47 99 25 16 24
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.