Søknadsfrist: |
22.01.2025
|
Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling Tiltak og ressurs og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Omtale av stillinga
Kan du tenkja deg å delta i viktig utviklingsarbeid for barn og unge? Det er ledig ei spanande og utfordrande 100% stilling som leiar av barneverntenesta i Kvinnherad Kommune frå 1. mars 2025, eller etter nærare avtale.
Både sentralt og lokalt står barneverntenesta ovanfor endring og utviklingsprosessar, med fokus på godt barnevern, samarbeid med barn og foreldre, tverrfagleg samarbeid, fagleg rettleiing, eit godt arbeidsmiljø og trivsel i tenesta. Barnevernleiar vil som fagleg og administrativ ansvarleg for barneverntenesta, vera ein viktig ressurs i dette arbeidet.
Vi treng ein fagleg dyktig barnevernleiar som er trygg i rolla og har overskot til å stå i krevjande situasjonar. Som barnevernleiar må du ha perspektiv ut over eigen profesjon og kunna sjå verdien av å samarbeida på tvers av fag og sektorar, med sikte på å gje heilskaplege tenester for barn og unge.
Barneverntenesta har 18 fagstillingar og barnevernleiar. Tenesta er inndelt i team; undersøking, oppfølging, omsorg og tiltak. Barneverntenesta er ein del av eininga Barn og familie, der einingsleiar er barnevernleiar sin næraste overordna.
Ansvarsområde
Barneverntenesta si kjerneoppgåve er å gje born, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege livssituasjonar, der barnet sitt beste er grunnleggjande for alt arbeid. I tillegg er barneverntenesta sentral i det tverrfaglege samarbeidet om barn og unge på ulike nivå.
Barnevernleiar har ansvar for :
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11.
Kontaktperson:
Randi Pedersen
mob: +47 45288088
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.