Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ynskjer å gjere ein forskjell?
Me søkjer ein motivert helsefagarbeidar som vil vere med å gjere ein forskjell for våre bebuarar. Bli del av vårt ungdommelege og trivelege team i ei døgnbemanna omsorgsbustad i Sogndal!
Sogndal er kjent for storslått natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på mange moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her er det noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremjar fellesskap og trivsel.
Om stillinga
Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig følgjande stilling
Me startar med årsturnus 3.mars 2025 med individuelle tilpassingar og moglegheit for langvakter 4. kvar helg og etter eige ynskje i vekedag
Prestahagen er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 32 einingar fordelt på 4 avdelingar for personar med kognitiv svikt og alderspsykiatri. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kontaktpersonar:
Hanne Hoff
tlf: +47 48954958
Tine Tande Seldal
mob: 94161212
Velkommen til fagre Sogn! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med brukarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.