Søknadsfrist: |
09.02.2025
|
Søknadsfrist: |
19.01.2025
|
Velkommen til Sogndal – og bli en del av vårt herlege team!
Er du ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ynskjer å gjere ein forskjell?
Me søkjer deg som ynskjer å bli del av vårt team på korttid/rehab/KAD (kommunalt akutt døgntilbod) og langtidsavdelinga ved Sogndal helse- og omsorgssenter.
Sogndal er kjent for sin storslåtte natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på utallige moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her er det noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel.
Kvifor jobbe i Sogndal kommune?
Som sjukepleiar på desse avdelingane vert du del av eit fagleg team med mykje erfaring og kompetanse.
Me har stor breidde i oppgåver og pasientgruppe, der me leverer alt frå akutte hendingar, rehabilitering og til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper, intravenøs og blodprøvar. Me samhandlar med spesialisthelsetenesta, pårørande og andre einingar i kommunen. Me har fokus på det gode pasientforløp og jobbar målretta med fagutvikling.
Me bryr oss om våre tilsette, der alle skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil få tett oppfølging og god opplæring. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.
Sogndal helse- og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Me har ei langtidsavdeling og ei rehab/korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Omsorgssenteret ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Me er med på prestisjeprosjektet Tørn i regi av KS. Målet med prosjektet er å finne gode og berekraftige løysingar på oppgåveutføringa i kommunen ilag med medarbeidarane. Dette betyr at du vil ha moglegheit til å vere med å påverke din eiga arbeidskvardag!
Om stillingane
Sogndal helse og omsorgssenter i Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar:
Vernepleiarar vil også verte vurdert til stillingane
Me startar med kalenderplan/årsturnus april 2025, med individuelle tilpassingar av turnus. Det vert moglegheit for langvaktar etter ynskje med jobb kvar 4.helg eller ordinære vakter kvar 3.helg.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kontaktpersonar:
Anja Leirdal
mob: 40 40 78 89
Hanne Hoff
tlf: +47 48954958
Maria Buvik Nondal
mob: 40434807
Velkommen til fagre Sogn! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med brukarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.