![Sunnfjord kommune](https://www.kommunaljobb.no/files/pictures/sunnfjordkommune-logo.png)
Søknadsfrist: |
22.01.2025
|
Søknadsfrist: |
23.01.2025
|
Vi søker etter ny rektor ved Sande skule i Sunnfjord kommune. Sande skule har ca. 300 elevar frå 1–10 trinn. Skulen ligg fint til i Sande sentrum. Skulen skal gjennom ei omfattande utbygging og rehabilitering med planlagt oppstart frå hausten 2025. Sunnfjordskulen har for tida fokus på å utvikle vurderingspraksis, begynnaropplæring, inkluderande praksis og profesjonsfellesskapet.
Vi søker ein rektor som er ein tydeleg leiar, ein lagspelar som er engasjert og samlande. Du må vere ein aktiv skuleleiar som evner å delta og drive prosessar framover. Du må evne og omsette Sunnfjord kommune sine verdiar i praksis.
Sande skule har ein merkantil ressurs på 80 prosent og ein assisterande rektor.
Godkjent politiattest må leggast fram før tiltreding i stilling.
Kontakt Åge Stafsnes, kommunalsjef skule om du har spørsmål til stillinga. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Saman blir vi drivande gode, vi ser fram til å høyre frå deg!
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.