Søknadsfrist: |
13.01.2025
|
Søknadsfrist: |
13.01.2025
|
Ved Leiknes skule vil det vil verte ledig eit lærarvikariat som faglærar. Stillinga er ledig frå 1.2.25.
Leiknes skule er ein nyrehabilitert og moderne fulldelt barneskule med om lag 180 elevar og 25 tilsette. Skulen ligg ved Osterfjorden, 7 km køyring frå Knarvik. Skulen er ein DUÅ- skule og jobbar kvar dag mot å nå visjonen vår: «Leiknes skule - meistring og glede i fellesskap.»
Skulen sine satsingsområde er klasseleiing, lesing og førebyggjande skulemiljøarbeid med vekt på endring- og utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.
Arbeidsoppgåvene som faglærar er undervisning på 1.-7. trinn. Skulen treng lærarar som kan undervise i alle fag. Stillinga vil innebere å samarbeide tett i klasse- team med fokus på eit inkluderande læringsmiljø med felles ansvar for gjennomføring av ordinær undervisning i klassane, intensiv opplæring og individuell tilpassa opplæring.
Kompetanse
Godkjent utdanning i samsvar med kompetanseforskrifta for tilsetjing på 1.- 7. trinn.
Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer ein lærar som:
- Kommuniserer godt meg barn og vaksne og er ein tydeleg og varm klasseleiar med høg grad av relasjonskompetanse
- Aktivt samarbeider med kollegaer og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og med fokus på fagleg og sosial læring
- Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
-Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga saman med profesjonsfellesskapet
- Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
- Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
- Bidrar til å utvikle skulen sitt positive arbeidsmiljø
Alver kommune har nynorsk som målform.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Som ein del av vår skule får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.
Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!
Spørsmål om stillinga
Katrine Hopland
Rektor
+4792848656
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med ca 30.000 innbyggjarar og 2650 tilsette. Vi treng fleire engasjerte og kompetente medarbeidarar!