![Masfjorden kommune](https://www.kommunaljobb.no/files/pictures/d7786e615f411b44f9d191caefcca8ec.png)
Stillinga som rektor ved Matre skule er ledig frå 01.03.2025.
Matre skule er ein 1-10 skule med om lag 50 elevar skuleåret 2024/2025. Leiarressursen er delt på rektor og inspektør, men kan bli justert. Skulen har merkantil tilsett i 50 % stilling.
Rektor har oppvekstleiar som næraste overordna. Dei tre rektorane i Masfjorden utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor deltek i tverrfagleg samarbeid med andre tenester i tillegg til samarbeid med barnehagestyrar i Indre Masfjorden barnehage.
Rektor er skulen sin administrative- og pedagogiske leiar og har ansvar for fag og utviklingsarbeid, samt personale og økonomi ved Matre skule og SFO. Skulen er i eit tett samarbeid med Fensfjorden PPT og dei kommunane som er knytt til dette samarbeidet, mellom anna i utviklingsarbeid.
Symjebassenget for Masfjorden vert nytta av elevar og barn i barnehage i skuletida og av lag og organisasjonar etter skuletid. Det ligg eit koordineringsansvar for bassenget på rektor ved Matre skule.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagte.
Slik søkjer du:
Du søker elektronisk via "Søk her" på denne sida.
Kontaktperson for stillingenRita Ludvigsen
Oppvekstleiar
+4745376315
rita.ludvigsen@masfjorden.kommune.no
Matre skule er ein 1-10 skule med om lag 50 elevar skuleåret 2024/2025. Det er ein fådelt skule, og omlag 13 årsverk. Matre skule er ein liten skule, og det er eit tett og godt samarbeid på tvers av trinna. Skulen ligg tett ved E39, det tek omlag 45 minutt å køyre frå Knarvik.
På Matre skule er me oppteken av å sjå den enkelte elev, ha eit positivt elevsyn og me har eit mål om vere best på å vere liten. Lokalmiljøet rundt Matre skule er prega av eit aktivt organisasjonsmiljø med mellom anna kulturskule, idrettsskule og fotballag.
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.