23/07/2018

Avd. sjukepleiar / vernepleiar natt ved Røyrvika, miljøtenesta

  • Time kommune
  • Time, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 26.08.2018

STED: Time

Me søkjer

nattavdelingssjukepleiar/vernepleiar til fast 50 % stilling natt med arbeid kvar 3. helg samt eit vikariat på 50 % natt. Tilsetjing etter avtale.

Om arbeidsplassen

Røyrvika er 24 samlokaliserte omsorgsbustader. Ein av bustadene fungerar som opptrenings / kartleggings/overgangsbustad. Ein bustad fungerar som personalbase. Røyrvika ligg under miljøtenesta i kommunen. Avdelinga har alltid 2 aktive nattevakter, ein sjukepleiar / vernepleiar og ein helsefagarbeidar / assistent. Brukarane me har er unge med utviklingshemming og eldre med ulike hjelpebehov.

Me tilbyr

Eit aktivt og godt arbeidsmiljø, faglege utfordringar, muligheiter for veiledning, kurs og fagleg påfyll.

Avdelinga ligg sentralt i Bryne sentrum, kort avstand til jernbanestasjon. Avdelinga har forhandlingsturnus, som gjer gode mulegheitar for å kunne planlegge eiga arbeidstid.

Om arbeidsoppgåvene

Arbeidsoppgåve på natt er tilsyn og pleie og tilpasse den enkelte sitt behov på natt.

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring med akuttmedisin, ta beslutningar
  • Arbeida sjølvstendig
  • Erfaring med psykisk utviklingshemma
  • Brei erfaring med somatikk

Andre krav

  • Det er krav om politiattest og autorisasjon.
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap.
  • Det er ikkje eit krav, men om du er ein person med godt humør, er fleksibel og liker utfordringar så er du rett person for denne stillinga. Fordel med erfaring fra bolig og heimesjukepleie.

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Bylgja Ingvadottir
Stillingstittel: Verksemdleiar
Telefon: 412 41 452 / 51 77 63 60

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå