Søknadsfrist: |
09.12.2024
|
Søknadsfrist: |
09.12.2024
|
Søknadsfrist: |
06.01.2024
|
Søknadsfrist: |
09.12.2024
|
Søknadsfrist: |
09.12.2024
|
Søknadsfrist: |
05.01.2025
|
Søknadsfrist: |
05.01.2025
|
Me har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta, avdeling Knarvik nord/aust. Avdelinga har årsturnus og ein jobber ca 16 helger (i snitt kvar 3. helg) i løpet av året.
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Arbeidsoppgåvene til sjukepleiar består blant anna i samarbeid med pårørande, primærkontaktarbeid, ansvarsvakt som sjukepleiar, håndtere akuttsituasjoner, legemiddelhåndtering, sårbehandling, medisinske prosedyrer. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samtidig har helsepersonell ansvar for å fortløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov.
Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid.
Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar.
"Heimetenesta til å stola på, ein arbeidsplass å vere stolt av"
Som medarbeidar hos oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vere med og utvikle tenestene til beste for brukarane. Avdeling Knarvik Nord Aust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling som er i stadig vekst, med eit stort geografisk område og eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. I tillegg til ordinær heimeteneste har avdelinga team med heildøgnsdrift.
Tenesteområdet har avdelingar som er inndelte geografisk; Ostereidet, Knarvik Sør Vest, Knarvik Nord Aust, Lindås, Alversund/Seim, Frekhaug og Manger, i tillegg til avdeling for Dagsenter. Avdelingane samarbeidar tett, og har kvar sin fagansvarleg for å sikre høg kompetanse på tvers.
Me ser etter deg som:
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Avdeling Manger og Ostereidet driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.
Benthe Fjeldstad Helland
Tenesteleiar
474 60 993
benthe.fjeldstad.helland@alver.kommune.no
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med ca 30.000 innbyggjarar og 2650 tilsette. Vi treng fleire engasjerte og kompetente medarbeidarar!