Søknadsfrist: |
22.12.2024
|
Søknadsfrist: |
22.12.2024
|
Stord kommune søker ein fastlege til ledig heimel ved Leirvik legekontor i kommune-senteret Leirvik.
Leirvik legekontor er lokalisert sentralt i Leirvik, og er ein veldriven 3-legars praksis. Det er same fastlege som har hatt ansvar for lista sidan oppretting av fastlegeordninga i 2001. I eit miljø med gode og erfarne kollegaer vil du oppleve ein meiningsfylt kvardag, fagleg utvikling og trivsel. Fastlegen går inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved det aktuelle kontoret, men andre alternativ kan og vurderast.
Stord kommune tilbyr
Å overta ein stabil fastlegeheimel.
Ved å overta heimelen kan du vera med å utvikla din eigen arbeidsplass saman med erfarne kollegaer som begge er spesialistar i allmennmedisin.
Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar
Særskilte rekrutteringstiltak
Stord kommune vil innføre tiltak for å stabilisera fastlegetenesta i form av etableringstilskot, kompensasjon for fråvær ved sjukt barn, kompensasjon for deltaking på kurs, og har ein intensjon om å innføra kommunalt basistilskot frå 2025.
Vaktordningar
Deltaking i vaktordning ved Sunnhordland interkommunale legevakt (SIL) kveld og helger.
Legevakta er eit samarbeid mellom tre kommunar (Bømlo, Stord, Fitjar) med i alt 31000 innbyggjarar.
Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale vegg i vegg med Stord sjukehus og ambulanse.
Eiga daglegevaktordning der vaktene rullerer mellom legesentera.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege.
Gjennomført LIS1 i Noreg.
Refusjonsrett frå Helfo.
Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller vil begynne på denne.
Gode samarbeidsevner.
Godt norsk språk og god kulturforståing.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar ASA 4310. Det må leggjast fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Vilkår ved arbeid på legevakt i tråd med tariff og gjeldande pensjonsavtale.
Kommunen er godkjend utdanningsverksemd for ALIS, og tilbyr rettleiing og supervisjon frå røynde legar til ALIS. Næringsdrivande ALIS-lege får dekka utgifter til vidare- og etterutdanning.
For ytterlegare opplysingar om stillinga:
Leirvik legekontor Håvard Hakestad, tlf. 917 83 381, e-post: havard.hakestad@akersolutions.com
Kommunalsjef Anne Karin Fossdal, tlf. 907 62 789, e-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateken frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Stavanger og Bergen. Kyststamvegen E39 går over Stord, og Stord lufthamn har faste daglege ruter til og frå Oslo. Kommunen utgjer den sørlege delen av Stordøy i tillegg til den mindre øya Huglo. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. Gjennom Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund.
Stordsamfunnet har i heile etterkrigstida vore prega av vekst og endring. Skipsbyggings- og seinare den oljeretta industrien har vore motoren i næringsutviklinga.
Samfunnet er som næringslivet internasjonalt retta. Det fleirkulturelle samfunnet gjer at ein er opne for variasjon, nye idear og tankar til beste for komande generasjonar.
Ikkje minst er Stord byen og senteret i regionen Sunnhordland med mange og varierte tilbod innan privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur.
Byen sine unike fortrinn er at ”alt er nært”; både fjord og fjell, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege etatar, handelssentra og uteliv.