Søknadsfrist: |
09.12.2024
|
Søknadsfrist: |
09.12.2024
|
Søknadsfrist: |
06.01.2024
|
Søknadsfrist: |
09.12.2024
|
Søknadsfrist: |
05.01.2025
|
Vi har ledig 100 % stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg.
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustad pluss. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp og administrasjon av medisinar. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø, for det beste til brukarane, både innad i kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Avdelinga har ca. 32 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy, og til bebuarar som bur i bustad med heildøgnstilbod (bustadene er og sentralt på Manger). Manger heimeteneste kan tilby eit godt og kjekt arbeidsmiljø. Vi er ei avdelinga i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting: Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel. Vi ser også etter deg som er under sjukepleie utdanning.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Avdeling Manger og Ostereidet driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med ca 30.000 innbyggjarar og 2650 tilsette. Vi treng fleire engasjerte og kompetente medarbeidarar!