Søknadsfrist: |
17.11.2024
|
Søknadsfrist: |
17.11.2024
|
Stilling som sakshandsamar/rettleier
Ulvik herad søkjer etter ein motivert person som kan bidra til at Ulvik har gode sosialtenester og tenester for flyktningar. Stillinga er om lag 50% arbeid med dei kommunale NAV-oppgåvene, og 30% arbeid knytt til flyktningar.
Oppstart: Snarast
Søknadsfrist: 17.11.2024
Du vil være samlokalisert med statleg NAV-tilsett som har kontorplass i Ulvik, og du vil jobbe tett med andre fagområder i kommunen. Du blir del av eit fagleg og sosialt felleskap knytt opp til statlege NAV-tenester i regionen Hardanger og Voss, rus og psykisk helse, legekontor, flyktningtenestene, og Spira: barne og familieeininga.
Oppgåver
Kjerneoppgåvene for stillinga vil vera sakshandsaming etter sosialtenestelova og dei øvrige kommunale tenestene i NAV, og oppgåver som høyrer naturleg saman med dette. Individuell oppfølging og rettleiing av flyktningar, særleg knytt til NAV-sine tenester.
Oppgåver inkluderer sakshandsaming, vedtak og oppfylgjing av brukarar inkludert klagesaker. Du vil få opplæring og ansvar for oppfølging av bustøtteordninga, og oppfølging av ordning for økonomisk råd og rettleiing som heradet har eit eksternt samarbeid om.
Ynskja kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me er ute etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, med eit fagleg engasjement og høg motivasjon. Du bør ha god evne til å finne løysingar. Me er ein liten kommune og tilsette må ofte forholde seg til ein bredde i oppgåver og ansvarsområder som ein kanskje ikkje får i større kommunar – du bør ha evnen til å sjå moglegheitene og fordelane med dette, og bidra til at me klarar å utnytte at me er små for å levere betre tenester. Du må kunne samarbeide og kommunisere med ei rekke fagområde og kollegaer.
Me kan tilby
Send søknad digitalt via vår søknadsportal, bruk saksnummer: 24/1416
Om arbeidsgjevar
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Kontaktperson
Torstein Kvåle Hellesnes
Kommunalsjef helse og velferd
4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året og eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med poesifestival, fiskefestival, blueshelg og oktobertorg - og mykje meir! Haugesenteret er vårt dokumentasjonssenter for Ulvikforfattaren Olav H. Hauge sitt forfattarskap.
Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod, med full barnehage- og SFO-dekking. Ciderruta ligg i Ulvik herad, som også er ein Cittaslowkommune. Meir informasjon om Ulvik herad og om Cittaslow finn du på vår heimeside www.ulvik.kommune.no.