Søknadsfrist: |
13.10.2024
|
Søknadsfrist: |
13.10.2024
|
Sunnfjord barnevern har per i dag 27,3 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har såleis eit undersøkingsteam som avklarar meldingane og gjennomfører undersøkingane. Vi har eit oppfølgingsteam som følgjer opp dei familiane som får hjelpetiltak i heimen. Vi har eit omsorgsteam som følgjer opp plasserte born og deira familiar i fosterheimar og institusjonar. Og vi har eit familieteam som har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane.
Vi er opptatt av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning. Innan 2030, skal 80% av alle tilsette i barnevernet ha masterkompetanse. Det blir difor sannsynlegvis nødvendig å tilby tilsette utdanning med løn for å innfri dette kravet i tida framover.
Generelle arbeidsoppgåver for kontaktpersonane i undersøkings-, oppfølgings- og omsorgsteam
Dersom du har mastergrad i barnevern, vil du bli plassert i hovudtariffavtalen kap. 4. i stilling med krav om mastergrad.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Kontaktperson:
Einingsleiar Ove Mjåtveit
mob: +47 952 23 430
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.