Har du lyst å bli ein del av vårt dedikerte team i Sula kommune? Vi søker ein kollega med interesse for og gjerne erfaring med matrikkel, oppmåling og kart.
Plan, byggesak og geodata er ei eining med sju årsverk, organisert i kommunalområdet Samfunn. Eininga sitt geoansvar er utvikling og vedlikehald av kommunen sitt geografiske informasjonssystem, oppmåling, tilsyn og saksbehandling. Du vil ha ei aktiv rolle knytt til rettleiing av kommunen sine innbyggjarar og næringsliv. I stillinga kan du få ansvar for andre arbeidsoppgåver etter kompetanse og interesse.
Sula kommune har ein organisasjonsstrategi som bidreg til at vår samla kompetanse når kommunen sine mål. Vi vil levere gode og berekraftige tenester til innbyggjarane . Vi har ein kultur for samhandling og lagspel, der alle medarbeidarar tek ansvar for å etterleve vår felles strategi.
Stillinga er ledig frå 011024. Arbeidsstad er Sula rådhus i Langevåg. Vi oppfordrar også nyutdanna til å søke.
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson: Cecilie Solli
Stillingstittel: Einingsleiar
Telefon: 90 55 60 60
Kontaktperson: Jørn Erling Agersborg
Stillingstittel: Kommunalsjef
Telefon: 97 89 14 84
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Rådmannen si leiargruppe består i dag av rådmann, stabssjef, økonomisjef og tre kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 650 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet. Sjå hjemmeside for meir informasjon om Sula kommune.