Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgivar som rekrutterer, vidareutviklar og held på dyktige og engasjerte medarbeidarar.
No har eining for Kommunalteknikk ledig ei 100 % fast stilling som ingeniør innan vatn og avlaup.
Eininga sitt oppdrag er å sikre at innbyggarane i Sula kommune får reint drikkevatn, har trygge vegar og at avløpshandteringa er i samsvar med gjeldande lovverk. Kommunalteknikk har eit godt fagmiljø med totalt 10 tilsette ingeniørar og fagarbeidarar.
Den som vert tilsett skal i tillegg til tett samarbeid med sine kollegaer, veilede utbyggarar, entreprenørar og våre eigne driftsoperatørar.
Drift- og vedlikehald av eksisterande kommunal infrastruktur, samt oppfølging av investeringsprosjekt innan veg, vatn og avlaup.
Sikre at VA-anlegg som vert utbygd av private utbyggjarar er i tråd med gjeldande regelverk (lokalt tilpassa VA-norm). Rettleie og gje praktisk oppfølging av private utbyggjarar og deira entrepenørar når anlegg skal planleggast og gjennomførast. Sikre at anlegg/infrastruktur ved ferdigstilling er i samsvar med kommunen si norm, slik at kommunal overtaking for vidare driftsansvar og eigarskap vert gjennomført korrekt og effektivt. Arbeidet gjerast saman med driftsoperatørar og andre som jobber med prosjektering, oppsett og oppfølging av kontrakter. I stillinga skal du også jobbe med kommunalteknisk sakshandsaming innanfor fagområda.
Andre oppgåver kan verte aktuelle om arbeidsgivar har behov for det.
Vi ser etter deg som:
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson: Per Ola Ravnå
Stillingstittel: Leiar
Telefon: 41 40 09 42
Kontaktperson: Jørn Agersborg
Stillingstittel: Kommunalsjef Samfunn
Telefon: 97 89 14 84
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Rådmannen si leiargruppe består i dag av rådmann, stabssjef, økonomisjef og tre kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 650 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet. Sjå hjemmeside for meir informasjon om Sula kommune.