Søknadsfrist: |
27.10.2024
|
Søknadsfrist: |
27.10.2024
|
Helsefremjande og førebyggjande arbeid i skulehelseteneste, flykningehelse og helsestasjon 0-5 år, i samsvar med nasjonalfaglege retningliner og etter anbefalt program.
Tverrfagleg samarbeid både internt og med andre tenester.
Helseundersøkelsar, vaksinasjon.
Undervisning.
Dokumentasjon.
Godkjent helsesjukepleiarutdanning.
Sjukepleiarar under utdanning som helsesjukepleiar kan også søkje.
Grunnleggande IKT-kompetanse er nødvendig.
God skriftlig og muntleg framstilling på norsk krevst.
Framlegging av gyldig politiattest krevst før tilsetting.
Førarkort klasse B
Du må vere fagleg engasjert, og ha vilje til å halde deg oppdatert, og bidra til god tenesteutvikling.
Du må vere sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst.
Du må vere fleksibel, lojal og bidra til eit positivt miljø.
Du må ha gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg team.
Personleg egnethet blir vektlagt.
Høgt fokus på sosial trivsel.
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Engasjerte kollegaer og leiarar som er tilstades
Tilsetjing etter kommunale vilkår.
Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP.
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.
Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.200 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1600 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.