Søknadsfrist: |
06.10.2024
|
Søknadsfrist: |
06.10.2024
|
Vi treng ein helsefagarbeidar til på laget vårt !
Vi har ledig 66 % vikariat frå 01.11.24 og fram til 31.08.25. Kan bli forlenga. Stillinga er i hovudsak på natt, men har og kveldsvakter slik den vert todelt, natt/kveld, med arbeid kvar 3 helg. Det kan bli endring i arbeidstid i løpet av perioden.
Arbeidsstaden er f.t i 2.etg på Volda Omsorgssenter, seksjon Pile/Kleppetunet. Dette er ein seksjon for personer med alvorleg demens. Det er 18 bebuarar på avdelinga fordelt på 2 skjerma einingar.
På Pile/Kleppetunet er miljøarbeid og det å sjå kvar enkelt bebuar i fokus. Personalet jobbar med ein tanke om at øyeblikkets gleder er viktige.
Delta i heilhetleg pleie og oppfølging av bebuarane.
Dokumentere i Gerica
Ansvar for at bebuarane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i samarbeid med tilsynslege og andre samarbeidspartnarar.
Hovudansvar for legemiddeladmininstrasjonen ved bugruppene
Vere primærkontakt til bebuar og pårørende
Veileder og- undervisningsansvar
Bidra aktivt til et helsefremmende miljø.
Bidra til å kvalitetssikre tenestene.
Du er autorisert helsefagarbeidar, oppgje HPR nr i søknaden.
Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team
Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga
Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
Du fungerer godt i teamarbeid og har evna til å delegere arbeidsoppgåver
Du må like å jobbe i relasjon med menneske og er oppteken av aktiv omsorg
Du er ansvarsbevisst og løysningsfokusert
Du er fleksibel og liker utfordringar
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale.
Gode mogelegheiter for kompetanseheving
Regelmessig internundervisning
Gode forsikrings og - pensjonsordninger
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne
Avdelingsleiar institusjon
Telefon: 91144863
E-post: ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Sigrid Saanum
Seksjonsleiar Pile /Kleppetunet
Telefon: 99228370
E-post: sigrid.saanum@volda.kommune.no
I folketal er Volda kommune den nest største på Søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.