Søknadsfrist: |
13.10.2024
|
Søknadsfrist: |
13.10.2024
|
Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide på Volda kommune si aktive og spennande korttidsavdeling. Og som er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Korttidsavdelinga inneheld ordinær korttidsfunksjon samt øyeblikkelig hjelp funksjon både innan somatikk og psykiatri. Autorisert vernepleiar kan og søke.
Vi søker etter deg som synes det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden.
Vi har tett dialog med fysio-/ ergorterapeutar, lege, HBO, sjukehus og forvaltningskontor
Vi arbeider miljøretta, der du i møte med pasienten er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meningsfylt kvardag for pasientar og pårørande.
Vi har no ledig fast stilling for sjukepleiar ved Volda Omsorgsenter. Stillinga er organisatorisk knytt til korttidsseksjonen, men skal ha eit tett samarbeid med langtidsavdelinga i samme etg. Vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne
avdelingsleiar
Telefon: 91144863
E-post: ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Elsebeth Melle
Seksjonsleiar Korttidsseksjonen
Telefon: 91130521
E-post: Elsebeth.melle@volda.kommune.no
I folketal er Volda kommune den nest største på Søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.