Søknadsfrist: |
06.10.2024
|
Søknadsfrist: |
06.10.2024
|
Vi treng ein sjukepleiar til på laget vårt ! Autorisert vernepleiar kan og søke
Ledig 62 % fast stilling frå 01.10.24 . Stillinga er i hovudsak på natt, men har og kveldsvakter slik den vert todelt, natt/kveld, med arbeid kvar 3 helg.
Arbeidsstaden er f.t i 2.etg på Volda Omsorgssenter, seksjon Pile/Kleppetunet. Dette er ein seksjon for personer med alvorleg demens. Det er 18 bebuarar på avdelinga fordelt på 2 skjerma einingar
På Pile/Kleppetunet er miljøarbeid og det å sjå kvar enkelt bebuar i fokus. Personalet jobbar med ein tanke om at øyeblikkets gleder er viktige
I folketal er Volda kommune den nest største på Søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.