Søknadsfrist: |
06.10.2024
|
Søknadsfrist: |
06.10.2024
|
Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Autorisert vernepleiar kan og søke. Autoriser helsefagarbeidar kan søke på vikariatet.
Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling og eit 100 % vikariat for sjukepleiar på langtidsavdeling for demente på Volda Omsorgssenter, vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
Engasjerte og hyggelege kollegaer.
Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
Regelmessig internundervisning.
Gode pensjons og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne
Avdelingsleiar Institusjon
Telefon: 91144863
E-post: ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Merve Ekip
Seksjonsleiar Selje-/Hasletunet
Telefon: 96014461
E-post: merve.ekip@volda.kommune.no
I folketal er Volda kommune den nest største på Søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.