Seksjonsleiaren vår i Myra bufellesskap har takka ja til nye utfordringar og vi har ledig ei spennande fast stilling som seksjonsleiar med arbeid på dagtid. Dei tilsette arbeider i todelt turnus med arbeid dag og kveld, samt kvar 4 helg og tel til saman 5.7 årsverk.
Myra bufellesskap er ein seksjon som ligg til Rus og psykisk helseteneste, som igjen er ein del av sektor helse og omsorg. Bufellesskapet er lokalisert på øvre Rotset i Volda kommune og nybygga stod ferdig i 2018. I seksjonen Myra bufellesskap tilbyr vi helsehjelp til personar med sammensette lidingar innan rus og psykisk helse (ROP-lidingar). Nokre av våre viktigste målsettingar er at brukarane skal oppleve meistring og auke deltaking i eige liv i kvardagen.
Rus og psykisk helseteneste som heilheit er tverrfagleg samansett og har særleg kompetanse innan psykisk helse, rus, avhengigheit og samtidige lidingar. Vi har til saman 30 årsverk fordelt på 4 tenesteområde, der vi tilbyr individuell oppfølging, døgnteneste til heimebuande og lågterskeltilbod.
I folketal er Volda kommune den nest største på Søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.