08/02/2019

Jordmor, 20+40% fast - 2. gongs utlysing

  • Etne kommune
  • Etne, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 22.02.2019

Ønsker du å jobbe som jordmor i Etne kommune? Det er ledig 20% fast jordmorstilling med moglegheit for mellombels stillingsauke til ca 60% ved innvilga tilskotmidlar.

Arbeidsoppgåver

- Svangerskapskontrollar og oppfølging av gravide og deira familiar, i samsvar med gjeldande retningslinjer
- Opplysningsverksemd og førebuing til foreldrerolla, med fokus både på fysisk og psykisk helse.
- Tverrfagleg samarbeid i oppfølging av gravide med særskilde behov
- Oppfølging av gravide jf nasjonal faglege retningslinjer.

kompetanse:

Offentleg godkjent jordmor
Førarkort kl B

Personlege eigenskapar

- Gode samarbeidsevner
- Evne til fleksibilitet og sjølvstendig arbeid

Annan informasjon

Lønn etter gjeldande avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar 
Etne kommune er ei IA- bedrift
Tilsetting forutset at det blir lagt fram godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.

Søknad skal sendast

Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.

Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå