Orstad skule har fleire ledige stillingar!
Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet.
Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Orstad skule bruker smart oppvekst som skal bidra til robuste barn og ungdom som taklar det livet byr på i medgang og motgang.
I Kleppskulen er kjernekomponentane den engasjerte eleven, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing. Me jobbar med profesjonsutvikling gjennom Lesson Study, og me bruker læringsbrett i opplæringa. Skulen sin visjonen er "Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra", og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.
Arbeidsoppgåver
- vere kontaktlærar / faglærar
- planleggja og gjennomføra ei variert, utforskande og inkluderande undervisning med vekt på å utvikla den faglege og sosiale kompetansen til elevane
- sørgja for eit trygt, inkluderande og godt skule - og klassemiljø for alle
- delta aktivt i profesjonsfellesskapet
Kvalifikasjonar
- du har formell undervisningskompetanse og erfaring frå grunnskolen, 1.-7. trinn
- det er ønskeleg med kompetanse i matematikk, norsk, engelsk og begynneropplæring
- du har god forståing og kjennskap til læreplanverket
- du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane
- du er ein dyktig klasseleiar
- du er ein trygg relasjonsbyggar med eit positivt elevsyn
- du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
- du er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
- du har godt humør
Vi tilbyr
- ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
- gode muligheter for fagleg og personleg utvikling
Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons - og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysning, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Randi Harveland, rektor, +47 41292877
Arbeidsstad
Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4865231763
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 11.10.2024
Kontaktperson for stillingen
Randi Harveland
rektor
+47 41292877
Om Klepp kommune
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgste staden i og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19200 innbyggjarar. Me har eit rikt organisasjons- og kulturliv. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st, Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.