Søknadsfrist: |
15.10.2024
|
Til å leie Sauland skule søker vi nå ein tydeleg og inkluderande rektor som skal vidareutvikle skulen i tett samarbeid med tilsette, elevar og føresette. Vi søkjer etter ein leiar som har ambisjonar på vegne av elevane og som bidreg til utviklingsarbeid saman med tilsette for å utvikle skulen til beste for elevane si læring.
Vi har ledig 100% fast stilling som rektor ved Sauland skule frå 01.01.2025
Interessant? Les vidare, da vel!
Dette er Sauland skule
Sauland skule er ein ny flott og moderne skule som har 125 elevar frå 1.-10. trinn!
På skulen lærer og utviklar elevane faglege og sosiale kunnskapar og ferdigheiter i samspel med andre. Vi har fokus på å skape eit trygt og godt læringsmiljø der det er rom for alle. På skulen har vi eit flott uteområde med mellom anna ballbinge, sykkelbane, gapahk og ulike leikeapparat Vi har kort veg til friluftsområde som gir gode moglegheiter for alternative læringsarenaer, uteskule og leik.
Dette tilbyr vi deg
Vi er ein liten skule, men det er til vår fordel! Kom tettare på engasjerte kollegaer og lærelystne elevar på ein skule med høge mål.
Som einingsleiar og skulens øvste leiar får du eit overordna totalansvar for skulen.
Du får utvikle arbeidsplassen din
Du får leie engasjerte kollegaer og elevar
Du får samarbeide tett innan og utanfor arbeidsplassen
Vi trur dette er deg
Vi trur du har eit engasjement for det du held på med, og ein nysgjerrigheit for dei rundt deg.
Du er ein nærverande leiar
Samtidig som du er god på administrative oppgåver, vil du også motivere og inspirere dine tilsette til å ha ein god dag. Du ønskjer å skape tillit, engasjement og legg til rette for innovasjon og nyskaping.
Du er strategisk og målretta
Samtidig som du tek initiativ, og ofte har forslag til løysningar, tek du gjerne imot innspel frå både elevar og kollegaer. Her får du vise din vurderingsevne, serviceinnstilling og fleksibilitet.
Du har god evne til å gjennomføre og stort fokus på elevane sitt læringsutbytte.
Du samarbeider godt med andre
Som rektor får du ein del ulike arbeidsoppgåver. I nokre oppgåver er det ein fordel at du er sjølvstendig, mens i andre krev det samarbeid. Ein slik hybrid trivast du godt med, da du er god på både relasjonar og kommunikasjon. Trur vi, da!
Du er synleg og inkluderande i møte med elevar, føresette og lokalmiljøet.
Dine kvalifikasjonar
Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?
Nå manglar det berre å sende ein søknad og CV. Den sender du elektronisk via valet SØK HER.
Har du nokre spørsmål? Vi svarar deg gjerne på det du lurer på!
Kontakt kommunalsjef oppvekst og kultur, Inger Øya Grøgård, på tlf. 948 21 895. E-post: inger.oya.grogard@hjartdal.kommune.no
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakt
Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet.
Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.
Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna.
Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.
I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!
Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.