Søknadsfrist: |
Fortløpende
|
Søknadsfrist: |
Fortløpende
|
Vi søkjer etter dyktige medarbeidarar!
Interessant? Da håpar vi du les vidare!
Hjartdal kommune fekk nytt omsorgssenter i 2020.
Vi har 4 avdelingar på omsorgssenteret, med 18 institusjonsplassar, 1 KAD-plass samt 8 omsorgsplassar.
På omsorgssenteret har og Heimetenesta base, som skapar eit godt samarbeid mellom einingane. Dei leverer tenester til heimebuande i Sauland, Hjartdal og Tuddal.
Vi har òg eit fullproduksjon kjøkken i same bygg, som lagar måltida til dei på institusjon og dei som bur heime.
På onsdagar er det open kafé inne på omsorgssenteret, som er eit tilbod for alle, og her kan ein kjøpe seg ein betre lunsj.
Vi har også tenestar for personar med funksjonshemming, og har ei heildøgns-bemanna bolig tilrettelagt for det.
Vi meiner at samhald, positivitet og samarbeid er viktige verdiar, og vi tenkjer det gjer oss til ein av norges beste arbeidsplassar!
Får vi deg med på laget?
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet.
Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.
Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna.
Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.
I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!
Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.