Søknadsfrist: |
13.10.2024
|
Søknadsfrist: |
13.10.2024
|
Stord kommune driv overordna utviklings- og sakshandsamingsarbeid i eigne fagavdelingar. Ved fagkontor plan/ samfunnsutvikling vert det lyst ut ei nyoppretta stilling som landbrukssjef / rådgjevar landbruk. Kommunen omstrukturerer arbeidet sitt inn mot landbruksnæringa, og stillinga vert sentral i dette arbeidet.
Forvaltning av sentrale tilskotsordningar i landbruksnæringa, m.a. produksjonstilskot, avløysartilskot og RMP
Sakshandsaming og forvaltning etter landbrukslovene
Ajourhald av arealopplysningar
Skog- og viltforvaltning
Sakshandsaming og forvaltning innanfor miljø og forureining
Planarbeid
høgare relevant landbruksfagleg utdanning helst på masternivå
relevant yrkeserfaring innanfor landbruksnæringa er ynskjeleg
kjennskap til offentleg forvaltning er ein føremon
meistre norsk skriftleg og munnleg (nynorsk skriftmål)
du er strukturert og gjennomføringsdyktig
du er fleksibel, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og liker å arbeide i eit tverrfagleg miljø
du har interesse og engasjement innanfor fagfeltet, og evner samstundes å tenka heilskapleg nærings-, by- og samfunnsutvikling
du kan utøva fagleg rettleiing på ein inspirerande måte
du likar å læra nytt og å hjelpa andre til å lukkast
du er god til å finna og tolka relevant regelverk
du er nyfiken og nytenkjande og likar å utforska digitale verktøy
Ein spennande jobb med faglege utfordringar
Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar i ein aktiv og tverrfagleg organisasjon
Godt arbeidsmiljø
Fleksibilitet i arbeidsstad og -tid
God pensjons- og forsikringsordning
Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal og hytte ved sjøen (Husøy) og utleige av tilhengarar m.m.
Løn etter avtale. Arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med plansjef Lovise Vestbøstad, tlf. 911 50 097
Lovise Vestbøstad
Plansjef
911 50 097
Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Stavanger og Bergen. Kyststamvegen E39 går over Stord, og Stord lufthamn har faste daglege ruter til og frå Oslo. Kommunen utgjer den sørlege delen av Stordøy i tillegg til den mindre øya Huglo. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. Gjennom Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund.
Stordsamfunnet har i heile etterkrigstida vore prega av vekst og endring. Skipsbyggings- og seinare den oljeretta industrien har vore motoren i næringsutviklinga.
Samfunnet er som næringslivet internasjonalt retta. Det fleirkulturelle samfunnet gjer at ein er opne for variasjon, nye idear og tankar til beste for komande generasjonar.
Ikkje minst er Stord byen og senteret i regionen Sunnhordland med mange og varierte tilbod innan privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur.
Byen sine unike fortrinn er at ”alt er nært”; både fjord og fjell, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege etatar, handelssentra og uteliv.