Søknadsfrist: |
16.09.2024
|
Søknadsfrist: |
16.09.2024
|
Ledig 80 % fast helsefagarbeider stilling på natt.
Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager ein mat til pasientane på sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.
Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta. Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom. I
heimetenesta yter ein tenester til om lag 70 pasienter.
I Omsorgstenesta vest har me eit godt arbeidsmiljø, med eit fleirkulturelt miljø. Tenestene me utfører er mange og ulike, så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester , tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.
God opplæring vert gitt.
Arbeidsoppgåver:
Ynskte kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Me tilbyr:
Krav:
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Kontaktperson:
Kari Skare Storhei
mob: +47 90999842
Ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?