Søknadsfrist: |
24.09.2024
|
Søknadsfrist: |
24.09.2024
|
Sjukeheimstenesta opnar ny avdeling som vil vera lokalisert sentralt i Knarvik. Såta bu- og servicesenter er ei avdeling som vil vera tilrettelagd for personar med demenssjukdom med behov for døgnkontinuerleg tilsyn.
Det vil vera 12 enkeltrom og 15 årsverk knyt til avdelinga. Tilsettgruppa vil bestå av Sjukepleiare, Helsefagarbeidare og Pleieassistenter. Me planlegg for oppstart november/ desember 2024. Avdelinga vil også tilby opphald på forsterka skjerma eining ved behov.
Er du klar for ei unik moglegheit som leiar til å forma og byggja ei avdeling frå grunnen av? Som avdelingsleiar på Såta bu- og Servicesenter vil du leia eit team av erfarne medarbeidarar. Dette er di sjanse til å setje ditt preg på avdelinga og skapa eit sterkt, samansveisa team.
Er du ein god rollemodell som kan bidra til å skape eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø? Som leiar vil du ha heilskapleg ansvar for drift av avdeling, under dette ansvar for personal, HMS, fag og økonomi.
Dine hovudoppgåver vil vere:
Vidare vil du arbeide systematisk med lokale arbeidsmiljøgrupper for å sikre et godt partssamarbeid mellom leiar, verneteneste og tillitsvalde, godt arbeidsmiljø og gode tenester. Du vil følge opp verksemdsplaner og delta aktivt i utviklingsprosessar.
Vi søker ein engasjert og omsorgsfull leiar som brenn for trygg og god eldreomsorg. Du er ein inspirerande rollemodell som motiverer teamet ditt og fremjer dialog og samarbeid. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og er ein trygg relasjonsbyggar. Som person er du løysingsorientert og du trivst i ein travel og tidvis uforutsigbar arbeidskvardag.
Du er ansvarsmedviten, stabil og lojal, med eit heilskapleg perspektiv på avdelinga og verksemda. Du deler og formidlar kunnskap på ein trygg og god måte, og har evna til å arbeide både sjølvstendig og i team. Ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande , positivt og raust arbeidsmiljø.
I tillegg ønskjer vi at du har:
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 178 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Christina Løtveit Fosse
Tenesteleder
40910884
christina.lotveit.fosse@alver.kommune.no
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med ca 30.000 innbyggjarar og 2650 tilsette. Vi treng fleire engasjerte og kompetente medarbeidarar!