Søknadsfrist: |
30.09.2024
|
Søknadsfrist: |
16.09.2024
|
Søknadsfrist: |
25.09.2024
|
Ved institusjon er det behov for inntil 100% fast stilling på natt.
Søknadsfrist: 15 september 2024
Omsorg til menneske i deira eigen heim på institusjon eller i eigen bustad.
Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand
Samarbeid med pårørande
Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.
Kompetanse:
Krav om autorisasjon sjukepleiar/helsefagarbeidar/vernepleiar
Fordel med relevant vidareutdanning, men ingen krav
Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi nytter PROFIL som dokumentasjonsprogram)
Krav om gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framandspråklege søkjarar.
Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Fokus på fagutvikling og refleksjon
Fleksibel og endringsvillig
Viser omsorg for andre
Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande
Punktleg og strukturert
Godt humør
Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt
Vi tilbyr:
God opplæring
Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Ei av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad
Tilsette på institusjon har eit rekrutteringstillegg på:
Sjukepleiar natt kr 50 000 + 20 000
Hjå oss går ein i årsturnus der ein kan velje å gå langvakter 12 helger i året eller tradisjonelle vakter med 16 helger per år. Årsturnus gjev meir fleksibilitet og gjer det lettare å tilpasse den enkelte sin livsfase. Ekstra helger i årsturnus blir kompensert.
Anna informasjon:
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må leverast til næraste leiar ved ei eventuell tilsetting.
I samsvar med Offentleglova kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kopi av vitnemål og attestar må takast med ved eit eventuelt intervju.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med avdeingsleiar: Avdelingsleiar for institusjon Ragna Iren Grave – 35 07 55 82 ragna.iren.grave@tokke.kommune.no
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.