Søknadsfrist: |
15.09.2024
|
Søknadsfrist: |
25.08.2024
|
Søknadsfrist: |
24.09.2024
|
Søknadsfrist: |
16.09.2024
|
Søknadsfrist: |
25.08.2024
|
Me treng helsefagarbeidarar ved heimetenesta, Åheim bufellesskap og institusjon.
Søknadsfrist: 15 september 2024
For å møte framtidas behov for pleie og omsorg med nok helsepersonell må me tenke nytt. Gjennom 2024 endrer me organisering av kommunens helse- og omsorgsteneste. Sjukepleiarane på institusjon og heimetenesta blir tekne ut av avdeling og samla i eit felles sjukepleiarteam, 6 helsefagarbeidarar har blive gruppeleiarar på kvar sin avdeling og me har tilsett to avdelingsmedarbeidarar.
Me vil bruke kvar enkelt tilsett sin kompetanse der den trengs mest, og har derfor laga ein tydeleg oppgåvefordeling mellom sjukepleiar, helsefagarbeidar og avdelingsmedarbeidar. Ny organisering trer i kraft ved oppstart av ny årsturnus i november 2024. Åheim bufellesskap har ny årsturnus frå 01.01.25.
Som fylgje av omorganiseringa, har me behov for fleire helsefagarbeidarar på institusjon og i heimetenesta. Sjukeheimen har tre avdelingar og 28 plassar. Helsefagarbeidarane arbeider på tvers av avdelingane. I heimetenesta arbeider helsefagarbeidarane både ute i heimesjukepleia og på omsorgssenteret. Tilsette på institusjon, heimetenesta og Åheim bufellesskap lagar sin eigen årsturnus, så du vil i stor grad få vere med å bestemme eigen arbeidskvardag tilpassa livssituasjon og ynskjer.
Hjå oss kan du arbeide langvakter 4. kvar helg, ordinære vakter 3. kvar helg eller hyppigare helg mot kompensasjon. Helsefagarbeidarar på institusjon får eit årleg funksjonstillegg på 20.000,-.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me kan tilby:
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må leverast til næraste leiar ved ei eventuell tilsetting.
I samsvar med Offentleglova kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kopi av vitnemål og attestar må takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktperson:
Avdelingsleiar for institusjon Ragna Iren Grave – 35 07 55 82 ragna.iren.grave@tokke.kommune.no
Avdelingsleiar for heimetenesta Silje Andrea Kyrkjebø – 47 39 99 88 silje.andrea.kyrkjebo@tokke.kommune.no
Avdelingsleiar for Åheim bufellesskap May Anette Brattestå Sollie – 35 07 55 22 May.anette.brattesta.sollie@tokke.kommune.no
Søknad sendast på elektronisk
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.