Me lyser ut 100% fast stilling som helsesjukepleiar/ sjukepleiar i kommunalområdet helse og omsorg, for tida helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Søknadsfrist: 15 september 2024
Stillinga er ledig no, og avdelingsleiar for helse vert næraste leiar. Arbeidstid er måndag-fredag kl 08-15.30 med fleksitid. Det kan innan fleksitid bli nokre kveldsmøter/ kurs.
Fagmiljøet i avdeling helse er stabilt og av høg kvalitet med stort fokus på fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt. Avdeling helse består av helsestasjon- og skulehelseteneste inkludert helsestasjon for ungdom og flyktninghelseteneste. I tillegg er det tenester som legekontor, fysioterapi, ergoterapi og psykisk helse og rus.
Helsestasjon- og skulehelsetenesta er eit team med helsesjukepleiarar, sjukepleiarar og sekretær.
Sentrale arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som
At du er personleg eigna for stillinga vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må leverast til næraste leiar ved ei eventuell tilsetting.
I samsvar med Offentleglova kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kopi av vitnemål og attestar må takast med ved eit eventuelt intervju.
For meir informasjon, ta kontakt med : Avdelingsleiar helse: Evy K. Aamlid tlf. 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.