Søknadsfrist: |
13.09.2024
|
Søknadsfrist: |
13.09.2024
|
Ynskjer du å vere ein del av eit godt fagleg team i Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune? Då skal du søkje på denne stillinga!
Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med utfordringar innan psykisk helse og rus. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Psykisk helse og rus er ei eining som er delt i fire soner; Naustdal, Vassenden, Førde og Sande.
I eininga er vi omlag 21 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har tilsett erfaringskonsulent i prosjektstilling, migrasjonskonsulent, og samarbeid tett med jobbspesialistar. Dei tilsette har stor grad av fagleg kompetanse og er opptekne av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersler.
Vi ynskjer ein person som kan vere med på å bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg.
Stillinga inneheld mellom anna oppgåver som:
Fagsystem som vert nytta er mellom anna: RS ajourhald, Cosdoc, Visma og Norse.
Oppgåvene som beskrive er ikkje uttømmande.
Stillinga er dagarbeid med hovudkontor i Førde. Det må påreknast å vere disponibel i dei andre sonene ved behov. Du vil jobbe både administrativt og utøvande.
Som assisterande einingsleiar vil du vere stedfortreder for leiar ved behov.
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar vert vektlagt i stor grad og vi ser etter deg som:
Vi tilbyr:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Velkommen som søkar!
Kontaktpersonar:
Finn Ove Arnes, einingsleiar
tlf: +47 577 26 0 71
mob: +47 476 53 520
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.