Voss kommune

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!

Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

05/10/2018
SØKNADSFRIST: 01.11.2018 Vil du vera med å utvikla eit framtidsretta psykisk helsevern i Voss kommune? Me søker etter ein kommunepsykolog som vil stå i spissen for styrking av det psykiske helsearbeidet til vaksne og eldre. I kommunen blir du del av eit tverrfagleg team av engasjerte medarbeidarar, kor brukarmedverknad, tenesteutvikling og førebygging vil stå sentralt. Hovudfokus vil vere å etablere tilbod om rask psykisk helsehjelp, utvikle relevante lågterskeltilbod for eldre, samt fagleg og systemretta utviklingsarbeid knytt mot brukarar, pårørande og tilsette. Om arbeidsstaden Helse og omsorg har over 400 årsverk, og har fleire avdelingar som tilbyr heimeteneste, ambulante tenester innan rus  og psykiatri, aktivitetstilbod og butilbod til vaksne og eldre. Me har fokus på "kva er viktig for deg", og har mål om ein  recovery-orientert praksis med tilbakemelding som verktøy (Fit). Kommunen er og i startfasen for eit forskingsprosjekt  om eldre og rus, sosiale forhold og vald i nære relasjonen. Då dette er ein nyoppretta prosjektstilling, vil du ha ein unik anledning til å påverke utviklinga av dei kommunale  tenestene og din eigen arbeidskvardag.  Arbeidsoppgåver - Fagleg og systematisk utviklingsarbeid  - Etablering, utvikling og drift av gruppetilbod psykisk helse  - Evnt. klinisk arbeid individuelt eller i gruppe - Rettleiing og kompetanseheving til tilsette for å gjøre dei i stand til å observere endringar og symptom hos brukarar og setje i gang tiltak tidleg for å førebygge utvikling av psykiske lidingar. Me ynskjer deg som - Er autorisert psykolog med engasjement for tenesteutvikling  - Har kjennskap til recovery, motiverande samtale, kognitiv terapi og brukarmedverknad - Kan arbeida sjølvstendig, vera nytenkjande og målretta - Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner - Har kjennskap til aktuelle lovar og regelverk - Har gode digitale ferdigheter  Me tilbyr - Eitt års engasjement i 100 % stilling, med mogelegheit for forlenging - Eit engasjerande, utfordrande og kompetanseorientert arbeidsmiljø - Ein fleksibel arbeidsplass med rom for nytenking - Gode pensjons- og forsikringsordningar  - Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår  Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Kontakter Navn: Janne Alise Gullestad Tittel: Leiar E-post: janne.a.gullestad@voss.kommune.no Mobil: 41637771 Navn: Berit Kleppe Tittel: Rådgiver helse og omsorg E-post: berit.kleppe@voss.kommune.no Mobil: 48014589
Voss kommune Voss, Norge
05/10/2018
SØKNADSFRIST: 25.10.2018 Vikariat i rus- og psykiatritenesta Me søkjarein engasjert, trygg og reflektert medarbeidar for eit års vikariat med arbeid i ambulerande team og Vetleflaten 2F. Om arbeidsstaden Rus- og psykiatritenesta har ca. 30 tilsette med ulik kompetase innan fagområdet. Om lag 150 brukarar mottar  tenester frå avdelinga. Tenestene som vert levert er lovpålagte, og vert utført etter vedtak. Rus- og psykiatritenesta  består av 2 omsorgsbustadseiningar, Ambulerande team og Oasen dagsenter. Tilsetjinga i hovudsak vera lokalisert i Ambulerande team. Arbeidsoppgåver Målretta oppfylging av brukarar etter vedtak; støttesamtalar og miljøarbeid, samhandling med andre tenester, hjelp til daglige aktiviteter og medisinhandtering.  Primærkontakt-/ koordineringsansvar.  To-delt turnus med helgearbeid.  Me søkjer Sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innen psykiatri.  Relevant arbeidserfaring, kunnskap og lyst til å arbeide innan fagfeltet rus og psykisk helse.  Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.  Evne til omstilling, fleksibilitet og sjølvstendig arbeid. I tillegg må du ha stå på vilje, arbeidslyst, energi og ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet. Personlege egenskapar blir vektlagt.  Me tilbyr - gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Kontakter Navn: Janne Alise Gullestad Tittel: Leiar E-post: janne.a.gullestad@voss.kommune.no Mobil: 41637771
Voss kommune Voss, Norge
05/10/2018
SØKNADSFRIST: 25.10.2018 Me lyser etter avdelingssjukepleiar i 100 % fast stilling.  Søkjaren må vere faglig dyktig, kunna samarbeida på tvers av avdelingane og profesjonar, være motivert, fleksibel og vere med og bidra positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga.  Det er viktig for oss at du er oppteken av kvalitet i arbeidet du utfører, har brukarane i fokus, og byggjer opp under medarbeidarane slik at dei får den tryggleiken og tilrettelegginga i kvardagen som gjer at dei trivst hjå oss. Du må evne å tenkje nytt slik at me til ein kvar tid tilpassar oss dei tenestene me leverar etter brukarens og samfunnets behov, samt ivaretek dei ansatte og legg til rette for at dei kan utvikle seg til saman med dei endringane me står ovanfor i framtida. Om arbeidsstaden Avdelinga er ei av 2 langtidsavdelingar ved Voss Sjukeheim, avdelinga ligg i 3 etasje. Avdelinga har nydeleg utsikt  utover Vossabygda. Frå bakre kant har avdelinga direkte utgang til sjukeheimshagen. Avdelinga har faste  sjukepleiararer,avdelinga har hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar samt pleieassistentar. Avdelinga har 29 senger. Av desse 29 sengene er 5 knytt til ei forsterka skjerma eining.  3 etasje er ei av seks avdelingar som ligg samla under Område Vest. Dei andre avdelingane er: Korttidsavdeling 2 etg,  Langtidsavdeling 4 etg, Sone Vest (Heimesjukepleie), Dagavdeling og Avdeling for Fellestenester. Alle avdelingane i  Område Vest er lokalisert ved Voss Sjukeheim og rapporterar til Områdeleiar Vest. Arbeidsoppgåver - Personalansvar  - Økonomisk og administrativt ansvar med rapportering til områdeleiar  - Ansvar for at drifta vert gjennomført etter gjeldande kvalitetskrav og institusjonen sine mål  - Gjennomføre medarbeidarsamtalar  - Disponere personalet fleksibelt i forhold til institusjonen sin bemanningssituasjon på huset - Pasientflyt i avdeling. - Samarbeide på tvers av avdelingane i område vest og ellers til andre samarbeidsavdelingar i helse og omsorg - Delta aktivt i leiargruppa i område vest - Utføre systematisk HMS-arbeid i samarbeid med tilsette, verneombud og tillitsvalget - Kjennskap til fagsystem Visma, Gerica, Infodoc og Gat er ein fordel - Tett oppfølging av pasientar og deira pårørende - Det totale faglige ansvar for pasientane i avdelinga - Turnusplanlegging - Planlegga internundervisning x1 pr mnd for personale saman med avd.leiarane frå 2 og 4 etg - Planlegga og gjennomføra sjukepleiefaglig lunsjmøter x 1 i veka ilag med avd.leiarar frå 2 og 4 etg. -Planlegga og gjennomføra avdelingsmøter minimum 1 x pr mnd. Me søkjer - norsk autorisasjon som sjukelpleiar  - gyldig arbeids og opphaldstillatelse - vidareutdanning innan relevante brukargruppe for avdelinga er ynskjelig. - utdanning innan administrasjon, økonomi og personalleiing er ynskjelig.  - erfaring som leiar i tilsvarande stilling  - gode norsk kunnskaper - gode datakunnskaper  - kunnskap om turnusplanlegging  - relevant erfaring og interesse innan kvalitetsforbetringsarbeid, pasientsikkerheitsarbeid. Personlege eigenskapar: - God på kommunikasjon -God på samarbeid og fleksibilitet. -Ansvarsbevisst og beslutningsdyktig -Godt humør! -Være motiverande og tydeleg i din leiarstil.  -Evner å sjå medarbeidarane sine ulike behov -Evne til å sjå mogelegheiter i staden for begrensningar -Nøyaktigheit og struktur i alt ditt arbeid er ein forutsetning. -Oppteken av både fag - og kvalitetsutvikling av avdelinga -Kunne "trå til" på hektiske dagar og avhjelpe medarbeidar i avdelinga Me tilbyr - 100 % administrativ stilling, men påregneleg å måtte "trå til" i avdeling ved behov - Ein avdeling der me ser nye moglegheter, spesielt ift turnus, arbeidsrutiner og kvalitetsforbetring - Godt arbeidsmiljø - Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift - Kompetanseorientert arbeidsmiljø - God oppfylging og rettleiing - Gode pensjons- og forsikringsordningar - Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Kontakter Navn: Roy Sørensen Tittel: Leiar område vest E-post:  roy.sorensen@voss.kommune.no Mobil: 41704952
Voss kommune Voss, Norge
05/10/2018
SØKNADSFRIST: 24.10.2018 Me søkjer ein engasjert, trygg og reflektert person for helgearbeid i eit 6 månaders engasjement med moglegheit for forlenging. Om arbeidsstaden Rus- og psykiatritjeneste består av 2 omsorgsbustader og ambulant team/ Oasen dagsenter. Det er om lag 170  brukarar som mottar tenester frå avdelinga Arbeidsoppgåver Arbeidet vil vere opp mot ein brukar i eigen bustad. Arbeidsoppgåver inkludera hjelp daglege aktivitetar og praktisk bistand, til dømes matlaging, handling, ordna i heimen og tur. Arbeidstida er fire timar på laurdagar, og tre timar på søndagar annakvar veke. Me søkjer - ein som har lyst og engasjement for å jobba med menneske - gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.  - evne til omstilling, fleksibilitet og sjølvstendig arbeid.  - du må ha vere fylt 18 år, og tåle kjæledyr med pels Me tilbyr - kjekke kollega og eit godt og lærande arbeidsmiljø. - eit trygt miljø med god opplæring  - ein spanande arbeidsplass med utfordrande oppgåver. - gode forsikrings- og pensjonsordningar. - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Kontakter Navn: Janne Alise Gullestad Tittel: Leiar E-post: janne.a.gullestad@voss.kommune.no Mobil: 41637771 Navn: ODDNY BØE E-post: Oddny.Boe@voss.kommune.no Mobil: 97997097
Voss kommune Voss, Norge
05/10/2018
SØKNADSFRIST: 29.11.2018 Om arbeidsstaden Voss Sjukeheim er ein institusjon som ligg under Område Vest. Voss Sjukeheim ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus og er i gangavstand frå Voss sentrum. Voss Sjukeheim består av 3 etasjar. 4.etasje er langtidsavdeling med 29 pasientar fordelt på 4 grupper. 3.etasje er langtidsavdeling med 24 pasientar og 5 på skjerma, forsterka eining. I 2 etasje er det korttidsavdeling med 20 pasientrom inkl eige avdeling for demensutgreiing. I korttidsavdelinga finn du også 3 ØH-senger, og palliasjonssenger. I 1.etasje har me basen til heimesjukepleien for sone vest, samt dagavdeling, reinhald og administrasjon. 4.etasje er ein langtidsavdeling med 29 bebuarar. Her jobbar det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar, assistentar, fagarbeidarar og me ha alltid elevar og lærlingar. Me har eit godt arbeidsmiljø med mykje faglig diskusjonar. Me jobbar alltid for å tilby best mogleg tenestar til våre bebuarar, ved å setje brukaren i sentrum gjennom tilrettelagt og individuell hjelp. Me ynskjer at alle våre tilsette skal delta aktivt og bidra med sine eigne interesser og ressursar, slik at me saman kan gjere kvardagen for våre bebuarar innhaldsrik og full av latter og glede. Me søkjer Tillkallingsvikarar til arbeid i vår langtidsavdeling, både i vekedagar og på helg. Har du "stå på vilje", engasjement og eit ynskje om å bidra slik at våre bebuarar får ein innhaldsrik kvardag er du hjarteleg velkommen til å søkje ekstrajobb hjå oss. Personelege eigenskapar vert vektlagt.  Tilsetjing fortløpande. Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga. Arbeidsoppgåver Hjelp til stell og pleie på morgon og kveld etter behov.  Måltidsførebuing og hjelp til ernæring.  Hjelp til mobilisering, sosial kontakt og aktivitet for alle bebuarar.  Førefallande arbeid på avdelinga. Me tilbyr - Spennande og utfordrande arbeid i eit hektisk og givande arbeidsmiljø.  - Opplæring og rettleiing av fagpersonell, og moglegheit til fagleg utvikling.  - Eit godt tverrfagleg og sosial miljø på avdelinga, både ilag med bebuarar og kollegaer.  - Lønn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanleg kommunale vilkår. Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Kontakter Navn: Roy Sørensen Tittel: Leiar område vest E-post: roy.sorensen@voss.kommune.no Mobil: 41704952 Navn: Solveig Liseth Vik Tittel: Avdelingsleiar E-post: Solveig.L.Vik@voss.kommune.no Mobil: 41704924 Arbeid: 41704924
Voss kommune Voss, Norge
05/10/2018
SØKNADSFRIST: 23.10.2018 Heimestenesta sone vest søkjer etter nye heimehjelper i faste stillingar. Dagvakter er heimehjelpsvakter medan kveldsvakter og helgevakter er i heimesjukepleien. Til desse stillingane er det arbeid annakvar helg. Om arbeidsstaden Sone vest er ei av fleire avdelingar som ligg i Område Vest. Alle avdelingane held til ved Voss Sjukeheim. Arbeidsoppgåver Heimehjelpsoppgåver: Du hjelper med praktisk bistand i brukars heim, type oppgåver er mellom anna; golvvask, støvsuge, oppvask, klesvask, byte på senger, handle. Du arbeidar etter arbeidsliste som er basert på innvilga vedtak om heimehjelp. Heimesjukepleieoppgåver: Du hjelper brukar i eigen heim med nødvendig helsehjelp og oppfyljing, du arbeidar etter arbeidsliste, der hjelpebehov er basert på innvilga vedtak om heimesjukepleie.  All naudsynt opplæring vert gjeven. Du må ha bilsertifikat. Me søkjer Me søkjer deg som er engasjert og har "stå på vilje", er trygg og omsorgsfull og har eit ynskje om å arbeida tett på våre brukarar. Det vert difor lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Tilsetjing fortløpande. Det er eit krav om godkjend politiattest ved ei eventuell tilsetjing. Me tilbyr - gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Kontakter Navn: Helene Berge Flatekvål Tittel: Leiar E-post: Helene.B.flatekval@voss.kommune.no Mobil: 99322130 Navn: Kirsten Øvrebø E-post: kirsten.ovrebo@voss.kommune.no Mobil: 91874220
Voss kommune Voss, Norge
05/10/2018
SØKNADSFRIST: 25.10.2018 Utlyst stilling 100% fast stilling i institusjon, 2. etg. ved Vetleflaten Omsorgssenter, ledig frå 01.11.18 - tilsetjing fortløpande.  Om arbeidsstaden Område Aust er samorganisert; Vetleflaten omsorgssenter som har 64 sjukeheimsplassar fordelt på fire  avdelingar og heimetenester som tilbyr tenester til om lag 215 brukarar i eigen bustad. Vetleflaten ligg ved Voss sentrum, det er gode buss og togforbindelsar.  Arbeidsoppgåver Du skal gjere sjukepleiefaglege oppgåver, både omsorgsoppgåver og aktiv behandling. Varierte oppgåver som krev kunnskap og fleksibilitet som sjukepleiar. Du bidreg i eit tverrfagleg samarbeid Du kan få 2-delt turnus med arbeid 3.kvar helg.  Me søkjer Deg med norsk autorisasjon og gode norskkunnskapar. Me vil ha deg som er trygg i rolla og fagleg dyktig. Me vil ha deg som kan ivareta brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet. Du må ha gode samarbeidsevner, høg arbeidskapasitet, vere nytenkjande og løysingsorientert. Me vil ha deg som kjem med ein god dose godt humør! I tillegg må du ha stå på vilje, arbeidslyst, energi og ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet  vårt. Me tilbyr - gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn høgare enn sentralt ramme  - og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal takast med til evt. intervju. Politiattest må leggast fram før tiltredelse i stillinga. Kontakter Navn: Mai-Linn Jahren Tittel: Avdelingssjukepleiar E-post: mai-linn.jahren@voss.kommune.no Mobil: 91852970 Navn: IREN ØVSTEDAL STALHEIM Tittel: Områdeleiar aust E-post: iren.o.stalheim@voss.kommune.no Mobil: 91809566
Voss kommune Voss, Norge
05/10/2018
SØKNADSFRIST: 31.10.2018 Informasjon om sjukepleiarstillingane Me søkjer etter sjukepleiarar for å styrkje sjukepleiardekninga i vår korttidsavdeling. Stillingsstorleik etter ynskje. Stillingane er ledige frå d.d. og mogeleg tilsetjing fortløpande. Om arbeidsstaden Voss Sjukeheim er ein institusjon som ligg under Område Vest. Voss Sjukeheim ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus  og er i gangavstand frå Voss sentrum. Voss Sjukeheim består av 3 etasjar. 4 og 3 etasje er langtidsplassar med 29  pasientrom i kvar etasje. 2 etasje er ei korttidsavdeling med 20 pasientrom inkl eige avdeling for demensutgreiing. I  korttidsavdelinga finn du også 3 ØH-senger. Det er tett samarbeid mellom avdelingane her hjå oss, både i det faglege og i aktivitetane me arrangerer. Om du er  glad i å sykle, strikke eller stelle med dyr; her har me litt for alle! Bli ein del av gjengen vår og delta på sykkelrittet  Bergen-Voss, kom på strikkekveld, karneval eller på hagefestane ute i pasienthagen vår på baksida - berre fantasien  sett grenser for kva aktivitetar me finn på! 2 etg er Voss Kommune si korttidsavdeling. Her jobbar det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar,  assistentar, fagarbeidarar og me ha alltid elevar og lærlingar. Me har eit godt arbeidsmiljø med mykje faglig  diskusjonar. Me jobbar alltid for å tilby best mogleg tenestar til våre brukarar, og sett pasientsikkerhet i fokus, sist  gjennom eit stort prosjekt i pasientsikkerhet som me deltok i hausten 2017/vinteren 2018. Me jobbar med aktive  primærkontaktroller, har tavlemøter og pasientsikkerhetvisittar i alle etasjar og finn på mykje lott og løye for både  bebuarar og tilsette. Me ynskjer at alle våre tilsette skal delta aktivt og bidra med sine eigne interesser og ressursar,  slik at me saman kan gjere kvardagen for våre brukarar innhaldsrik og full av latter og glede. Arbeidsoppgåver Me arbeidar etter primærsjukepleieprinsippet og våre sjukepleiarar har gruppeansvar for fleire rom i avdelinga. Heilheitleg pleie, omsorg og behandling av brukarane med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar  enkelt i det daglege.  Bidra i stell i det daglege, i tillegg til ansvarsvakter som sjukepleiar dag,kveld og helg. Vakter knytt til ØH-sengene er merka i turnus. Utarbeiding av tiltaks- og pleieplanar, gjennomføring av tavlemøter og evaluering av tiltak fortløpande.  Legevisittansvar og legemiddeladministering.  Rettleiing av lærlingar og elevar/studentar, både innan helsefag, sjukepleie og vernepleie.  Vera medansvarlig for et godt arbeidsmiljø, bidra med godt humør, latter og engasjement.  Tverrfagleg samarbeid mellom yrkesgrupper og tilsette på huset for å gje best mogleg tilbod til bebuarane.  Vere ein positiiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene, kome med rettleiing og tilbakemelding, søkje  kompetanseheving og ta del i internundervisningsopplegg på avdelinga. Me søkjer Sjukepleiar med norsk autorisasjon som er fagleg dyktig og gjerne med vidareutdanning innan akutt, geriatri, palliasjon eller anna relevant utdanning. Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norsk kunnskapar både  skriftleg og munnleg. Som sjukepleiar i 2.etasje jobbar du tett ilag med fleire yrkesgrupper for å gje våre brukarar trygge og kvalitetssikra  tenestar i alle ledd. Du må vere fleksibel, villig til å ta ansvar, kunne delegere og administrere oppgåver og bidra til eit  positivt, utviklande og spennande fagleg miljø i avdelinga. All erfaring frå pasientsikkerhetsarbeid, forbetringarbeid og  anna relevante kunnskap vert satt sterkt pris på, då me alltid jobbar aktivt med dette i vår avdeling. Me sett brukarane  våre i sentrum, og ynskjer å styrke brukarmedverknaden og tilby individretta tenester utifrå kvar enkeltes ynskje. Du må  ha vilje til å lære nye ting, ynskje kompetanseheving og vere med å rettleie studentar og lærlingar i fleire ledd. Me etterstreber tilrettelagte turnusar for alle våre tilsette. Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me tilbyr - Spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling - Eit utfordrande, kompetanseorientert og trivelig arbeidsmiljø - Gode pensjons- og forsikringsordningar - God oppfylging og rettleiing - Gode vilkår for fagleg utvikling - Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål tek du med ved intervju, politiattest må framleggast ved ei evt tilsetjing. Kontakter Navn: Bodil Tennebekk Tittel: Avdelingssjukepleiar E-post: bodil.tennebekk@voss.kommune.no Mobil: 41704937 Arbeid: 41704937
Voss kommune Voss, Norge