Lærdal kommune

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Vi er eit aktivt og framtidsretta samfunn som for tida arbeider med heile 30 ulike omstillingsprosjekt.

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

16/10/2018
SØKNADSFRIST: 28.10.2018 Me har ledig 75 % vikariat som sjukepleiar. Det er mulegheit at stillinga blir omgjort til fast etter endt vikariat. Er du sjukepleiar? Er du opptatt av god eldreomsorg? Då vil me ha deg med på laget. Me ynskjer ein person som nyttar faget og erfaringane til å: - møte brukaren med respekt og empati - gje brukarane god omsorg og behandling - gje brukarane tryggheit og trøyst - gje dei gode samtalar, støtte og motivere dei - bidra til god samhandling mellom kollega, brukarar og pårørande Lærdal kommune har gjennomført viktige endringar i pleie og omsorgssektoren. Vi har slått saman eining for heimetenester og Lærdal bu og omsorgsheim til ei felles eining, med felles personalbase. Vi har opna 12 nye omsorgsbustadar med heildøgns teneste knytt til Lærdal bu og omsorgsheim. Hjå oss er det høg trivselsfaktor blant personale og me har ei haldning "saman får me det til". Krav til/ønskje om utdanning - du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og beherske norsk skriftleg og munnleg - du bør ha høg grad av struktur, fleksibilitet og evne til problemløysing - evne til å arbeid i eit hektisk miljø, tett på tilsette og brukarar - evne til å kunne jobbe sjølvstendig og bidra til godt samarbeid - ha fagkompetanse som bidreg til fagutvikling og kvalitetssikre tenester til brukarar - ha god IT-kompetanse - førarkort kl B - må kunne arbeide 3-delt turnus Personlege eigenskapar vert vektlagde Stillinga har krav om gyldig politiattest.  Lønnsvilkår - løn etter tariff - pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP - Rekrutteringstillegg ved fast tilsetjing på 30 000 kr, med vilkår om bindingstid på 3 år. Me kan tilby - eit fagmiljø i utvikling - dyktige arbeidskollega og leiarar - eit godt arbeidsmiljø i ein hektisk og av og til uforutsigbar arbeidssituasjon - høve til vidareutdanning med gode stipendordningar gjennom kommunen Pleie og omsorgstenesta i kommunen er framsynt og oppteken av fornying og gode arbeidstidsordningar. Som sjukepleiar i institusjon arbeider du turnus med langvakter kvar 4. helg.  Kontakter Navn: Hrafnhildur Elvarsdottir Tittel: Leiar E-post: hrafnhildur.yr.elvarsdottir@laerdal.kommune.no Mobil: 91522455 Arbeid: 57641302
Lærdal kommune Lærdal, Norge
12/10/2018
SØKNADSFRIST: 30.10.2018 Arbeidsoppgåver - Vidareutvikle kommunen sine tenester i tett dialog med politisk leiing, innbyggjarane og medarbeidarane - Utvikle gode relasjonar innan administrasjon, med politikarar, innbyggjarar organisasjons- og næringsliv i kommunen - Arbeide aktivt for å legge til rette for stadutvikling, godt bumiljø og for at Lærdal kommune skal vere ein næringsvenleg kommune. - Jobbe aktivt for å utvikle tettare samarbeid med nabokommunane - Sørgje for effektiv organisering og god verksemdstyring gjennom god leiing og nytenking - Sikre god målstyring, resultatoppfølgjing og gjennomføring av gode planprosessar og effektiv iverksetjing av politiske vedtak - Fokus på omdømebyggjing og gode relasjonar Kvalifikasjonar - Relevant høgare utdanning - God økonomiforståing - Gode leiareigenskapar og relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat sektor med dokumenterte gode resultat - Gode kommunikasjons- og lagbyggjareigenskapar Personlege eigenskapar - Tydeleg og handlekraftig - Omgjengeleg og inkluderande - Lyttande og motiverande - Løysingsorientert - Godt humør Me kan tilby - Høgt fagleg nivå på tenestene og eit kreativt og utviklande arbeidsmiljø - Gode kollegaer - Konkurransedyktige lønsvilkår - IA-bedrift med godt tilrettelagde ordningar - Gunstig pensjonsordning - Hjelp til å skaffe bustad Send søknaden til Alle søkjarar skal nytte vårt elektronske søkjekjema som de finn på heimesida vår www.laerdal.kommune.no Kontakter Navn: Jan Geir Solheim E-post: jan.geir.solheim@laerdal.kommune.no Mobil: 98888800
Lærdal kommune Lærdal, Norge