Nye Kinn kommune

Kinn kommune har i media blitt omtala som "Noregs raraste kommune". Det er sant at Flora og Vågsøy ikkje deler kommunegrenser, men vi ser ikkje på dette som ei hindring. Tvert i mot. Med glød i auga ser vi mot framtida og moglegheitene som ligg der. Det krev nytenking og ein stø kurs mot innovasjon. Vi har ein sterk vilje og er stadig søkande mot den neste praksis. 

Vi blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Tenesta for tekniske tenester vil få over 30 årsverk, og dei tilsette i tenesta vil ha kontorstad/arbeidsstad i både Måløy og Florø.