Jondal, Odda og Ullensvang utgjer ein felles bu- og arbeidsregion, og frå 2020 slås desse kommunane seg saman til Ullensvang kommune. I Ullensvang kommune er det eit rikt og samansett næringsliv med landbruk, fruktdyrking, havbruk, industri og reiseliv som dei største næringane.

23/10/2019
SØKNADSFRIST: 17.11.2019 I hjarta av Hardanger ligg Noregs største frukthage med om lag 3 400 stolte innbyggjarar. Ullensvang er ein region med trivsel og opplevingar, storslått natur, levande kultur, spanande historie og eit variert næringsliv. Er du aktiv har me mykje å tilby: feriepark, trimstove, gokart, gardsbutikk, leirskule, museum og eit breitt tilbod av idrett og friluftsliv Ledige stillingar i helse og omsorgstenesta vest i Ullensvang herad: Omsorgstenesta i Ullensvang herad er ei samordna teneste. Omsorgstenesta vest har base på Utneheimen , Utne. Dei som arbeider her kan få oppgåver både på institusjonen og i heimesjukepleien alt etter kvar det er bruk for den enkelte sin kompetanse. Utneheimen har 28 plasser. 22 plasser på somatisk avdeling og 6 plasser på avdeling for personar med demenssjukdom. Er du ein engasjert sjukepleiar ? Sjå her 2 faste sjukepleiarstillingar, 100 % i turnus Ledig fom den 16.12.2019 Arbeidsoppgåver vil vera oppfylgjing, pleie og omsorg av pasientar både på institusjon og i heimebaserte tenester arbeidsleiar på dag -,sein- og nattevakter . Og helg/høgtid medisnhandtering og tillaging legevisitt og oppfølgjing etter den dokumentasjon og ajourhold i elektronisk pasientjournal ferdigheiter til å vurdere behov for sjukepleie og formidla det munnleg og skriftleg arbeid både inne på instistusjon og i heiembaserte tenester samarbeid med andre yrkesgrupper vere ein god rollemodell og vegleie andre Kvalifikasjonar Bachelor i sjukepleie erfaring frå arbeid i eldreomsorgen er ynskjeleg meistre dei vanlegaste dataverktøy Personlege eigenskapar lika å arbeide med eldre mennesker og ha interesse for fagfeltet vera endringsdyktig godt humør og positiv innstilling personlege eigenskapar vert vektlagt Kontaktperson Kari Skare Storhei
Ullensvang herad Ullensvang, Norge